Settepotet
Stilling ledig
Rapporter
Gartnerkongressen 2016
     Tilbake | Del på Facebook

PRESSEMELDING FRA HARDANGER FRUKT BA

HISTORISK DAG I HARDANGER/STOR DAG FOR NORSK FRUKTPRODUKSJON

Torsdag 19. desember vart ein historisk dag for Hardanger, og for fruktproduksjonen i Noreg. Fruktbønder frå fem kommunar og frå fem fruktlager slo seg saman, og skipa selskapet; Hardangerfrukt BA på Hardanger Folkemuseum på Utne. Då la ein samstundes bak seg ein lang og strevsam kamp for å få etablere eit felles moderande sorteringsanlegg på Utne i Hardanger. Gjennom fleire år har Samarbeidsrådet for fruktlagra i Hardanger, som no vert lagt ned, hatt vyer og tankar om å få samla, og få nytta ut fordelane med eit slik fellesanlegg. Dette for å i-møtekoma krav frå forbrukarar og grossistar, samt for å auka innteninga til den enkelte fruktdyrkar. Anlegget som skal byggjast i Sletthagen, omlag 1. km vest for Utne sentrum, og vil verta Noregs største fruktlager og med moglegheiter til utviding. Anlegget vil gje ei rasjonell drift, sikra arbeidsplassar og gje bøndene i området større moglegheiter til å satsa på verdiskaping og utvikling av nye produkt, og ikkje minst utvikla sterke varemerke i Hardanger.

Det skal byggjast eit moderande industrianlegg på ca 2700 kvadratmeter med den siste og beste teknologien for sortering av kvalitetsfrukt til dei norske forbrukarane. Anlegget har sikra sin marknadstilgang gjennom produsentlaga A/L Gartnerhallen og Norgrønt.

Vertskommunen Ullensvang herad har stilt stor og god gratis tomt til rådvelde, og SND har gjeve lån og tilskot.

Går alt etter planen skal anlegget på Utne vera klar for å ta imot frukt og bær frå hausten 2003. På skipingsmøte vart fylgjande valde til styret for det nye selskapet;

Steinar Lothe, styreleiar. Asbjørn Børsheim, nestleiar
Lars J. Nå, styremedlem. Stein Rykkje, styremedlem.
Oddmund Grønsnes, styremedlem og Knut B. Hauso, styremedlem.

Fleire nytta høvet på møtet og gav uttrykk for takksemd til dei som hadde teke initiativ til, og som hadde leia arbeidet med skipinga av Hardangerfrukt BA,

Spørsmål til overnemnde kan rettas til: Steinar Lothe, Utne
Telefon: 53 66 66 50. Mobil: 91 68 76 79. e-post: lothe.camp@c2i.net

Anemor Ekeland
prosjektsekretær